1. juli overtok Misjon Sarepta drifta av Bjorliheimen Hotell og Møtesenter, som vi no kallar Bjorliheimen Fjellhotell. Søndag 6. juli vart dette formelt markert med nøkkeloverlevering. Den «gamle» leiinga av hotellet inviterte ei lita gruppe til middag og fest for å markera overgangen. Her var folk frå det «gamle» styret, tidlegare og nye aksjonærar, nokre som hadde betydd ekstra mykje for Bjorliheimen dei siste ti åra, samt Arild Melberg og underteikna frå Sarepta.
Sveinung Lianes leia det heile, og heldt to talar, ein med historikk for dei vel femti åra Bjorliheimen har eksistert og då særleg for hans periode som leiar. Han heldt også tale der han takka alle som hadde stått med i arbeidet for Bjorliheimen, særleg styret med Odd Kjell Sjøvik i spissen, tilsette og frivillige medarbeidarar. Han ønskte Sarepta varmt velkommen som ny drivar. Det såg han på som ei ideell løysing. Også Odd Kjell Sjøvik, som har vore styreleiar i heile perioden Sveinung har drive staden, talte, og takka Sveinung for ein fenomenal innsats. Også han ønskte Sarepta hjarteleg velkommen til å overta stafettpinnen. Dei la stor vekt på at Bjorliheimen med det framleis ville verta driven i kristen ånd og i misjonens teneste.

Frå Sarepta si side takka Arild særleg Sveinung for måten han var motteken på, for den opne haldninga han viste og for tilliten, og han sa litt om den framtidige drifta. Sveinung vart utnemnt til æresgjest på Bjorliheimen for resten av livet med gratis opphald nokre døgn i året. Underteikna sa litt om prosessen med å overta Bjorliheimen, og kva som hadde gjort dette mogleg. Det vart særleg understreka det ønskjet og den viljen Sveinung og styret hadde hatt til at Sarepta skulle overta, og at det hadde bore gjennom dei fasane der det såg vanskeleg ut. Det vart uttrykt ønskje om og takk for at dei som no gjev stafettpinnen vidare, framleis ville stå med i arbeidet.
Sarepta har overteke drifta av eit fullt oppegåande hotell med gode folk på kjøkken, i reinhald, i andre funksjonar og med god booking framover sommaren og hausten. Vi har samstundes fått inn frivillige som hjelper til i resepsjonen og i dei praktiske sidene ved drifta. Det er mange utfordringar både på lang og kort sikt for å få drifta av Bjorliheimen økonomisk berande og til teneste for Sarepta sitt arbeid, og difor trengst mykje velvilje og forbønn.
For den første tida vert det å driva ut frå det som forrige eigar har lagt til rette for, men alt i august og september vert det møte på hotellet for folk frå området og for dei mange som har hytter der. Bjorli er kjent for sine mange hytter. Ut over hausten vert det også eigne arrangement for Sarepta, så det er berre å fylgja med på heimesida.
Medan vi hadde nøkkeloverlevering dukka det opp eit ektepar frå Tromsø som var på veg nordover, men ville ta seg to døgn på Bjorliheimen. Dei hadde ikkje høyrt om Bjorliheimen før dei las om at Sarepta arbeidde med å overta hotellet. Dei er venner av Sarepta og la difor vegen om Bjorliheimen. Eg trur dei var dei første som kom hit fordi Sarepta hadde overteke, og vi håper mange gjer det same!
Johannes Kleppa
